Ny regional- og distriktsmelding fra regjeringen

1. mars la regjeringen fram sin nye stortingsmelding for en aktiv regional- og distriktspolitikk med tittelen «Ta heile Noreg i bruk». Kapittel 3.1.9 i meldingen som omhandler inkludering av tilflyttere er gjengitt i sin helthet nedenfor.

Se også egen sak omTynset kommune hvor leder i Internasjonalt Råd Mahdi Hassan og ordfører Bersvend Salbu er intervjuet.

 

3.1.9 Inkludering av tilflyttarar

33528_img___1362045308Distriktskommunar treng folk til å skape liv og kraft i lokalsamfunna, og verksemder treng stabile og kompetente arbeidstakarar. I alle typar tilflyttargrupper finst det eit potensial for kommunar som ynskjer å utvikle levande lokalsamfunn. I tillegg til norske tilflyttarar gjeld det flyktningar, familiesameinte og arbeidsinnvandrarar.

Mykje av folkeveksten i distriktskommunane dei seinare åra skriv seg frå innvandring. Innvandrarar representerer potensial for kommunar som ynskjer å halde på eller auke folketalet og for verksemder som treng arbeidskraft. Regjeringa la i 2012 fram Meld. St. 6 (2012–2013) En helhetlig integreringspolitikk − mangfold og felleskap. Ein hovudbodskap i meldinga var at alle innbyggjarar i Noreg har plikter og rettar. Alle må kunne delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv. Difor har regjeringa som sitt viktigaste mål i integreringspolitikken å syte for at alle som bur i Noreg, får brukt ressursane sine og teke del i fellesskapen.

Ein studie NIBR har laga på oppdrag frå IMDi og Distriktssenteret, viser at mange innvandrarar opplever at dei ikkje får brukt kompetansen dei har med seg frå opphavslandet. 8 Dei fleste forstår kvifor det er slik, men har òg ynske om å lære skikkeleg norsk og utvikle kompetansen sin vidare. Studien peikar til dømes på at lite blir gjort for å kartleggje korleis kompetansen til ektefellar av arbeidsinnvandrarar kan nyttiggjerast i den lokale arbeidsmarknaden.

Språk og bustad er ofte avgjerande for inkludering
Dersom ein lokalt ynskjer at innvandrarar skal bli buande, må det skapast tilhøyrsle til staden. Både lokalt næringsliv, einskildindivid, frivillige organisasjonar og kommunane speler ei viktig rolle for å lukkast med dette. Språk er ei nøkkelutfordring. Arbeidsinnvandrarar og familiane deira har ikkje rett på gratis norskopplæring slik flyktningar har. Språkopplæring på arbeidsplassen kan difor vere eit viktig tiltak for å betre føresetnadene for å få kontakt med lokalbefolkninga og for å slå røter i lokalsamfunnet. Dette krev eit nært og godt samarbeid mellom kommunane, skulane og verksemdene.

Lokale, regionale og nasjonale styresmakter kan gje tilskot til gode løysingar til språkopplæring for arbeidsinnvandrarar. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og regional-departementet vil samarbeide med relevante aktørar for å finne ut korleis eit nettbasert tilbod for å møte behovet for norskopplæring på ein betre måte kan utviklast. Kommunal- og regionaldepartementet vil òg ta initiativ til ein dialog med fylkeskommunane om korleis dei kan bidra til betre integrering og språkopplæring.

Bustadspørsmålet er ei anna hovudutfordring i integrerings- og inkluderingsarbeidet. Innvandrarar er som dei fleste nordmenn. Dei vil gjerne eige bustaden framfor å leige han. 9 Kjøp av bustad er dessutan viktig for å skape tillit hjå folk i lokalsamfunnet. Når naboar og andre skjønar at ein innvandrar vil etablere seg på staden, skjer det ofte eit vendepunkt. Dei som kjøper ein bustad, blir lettare inkluderte.

Mange innvandrarar har problem med å få banklån på grunn av krav om sikkerheit og eigenkapital. Innvandrarar har liten kjennskap til startlån, bustøtte og anna tilrettelegging for bustadkjøp frå Husbanken. 10 Kommunane kan redusere barrierane ved å gje betre og meir målretta informasjon om desse ordningane og gjennom å leggje til rette for bustadkjøp på anna måte (jf. avsnitt 3.1.8).

Kommunane kan samordne ressursar for betre integrering
NIBR presenterer i rapporten fleire lærestykke til inspirasjon for ei meir heilskapleg satsing på inkludering. Rapporten peikar på at kommunar som lukkast med inkludering, evnar å arbeide på tvers av sektorar mot felles mål. Ei felles rådgjevingsteneste for alle tilflyttarar, anten det er nordmenn, flyktningar, arbeidsinnvandrarar eller familiesameinte, er eit døme på ein slik måte å jobbe på. Dette krev god koordinering og samhandling internt i kommunen og med nærings- og samfunnslivet. Departementet meiner at ei felles og godt koordinert rådgjevingsteneste kan vere eit viktig tilskot til ein meir effektiv politikk for å påverke lokal samfunnsutvikling og folketalsutvikling i distriktskommunar på ein positiv måte.